Picture of Martine Garvik Fremstad

Martine Garvik Fremstad

Hei! Eg heiter Martine, er 25 år gammal og kjem frå Herøy på Sunnmøre. Eg har tidlegare studert både kunst og pedagogikk i korte periodar, før eg enda opp med å ta ein bachelor i interaksjonsdesign. Interaksjonsdesign for meg er den perfekte kombinasjonen av kreativitet og menneskeleg samhandling, og det blei den naturlege retninga for meg.

Tilgjengelegheit og brukarvennlegheit er områder eg har brydd meg om lenge før eg visste mykje om det, og i løpet av studiet har dette blitt viktigare og viktigare for meg. Det eg likar mest av alt med å utvikle digitale og fysiske løysningar er å basere seg på innsikt og brukarar, og å vite at det man lagar faktisk har verdi. I tillegg elskar eg Figma!


Mockups av vårt redesign av Ungfritid.no, både på mobil og desktop
Design og prototyping for digitale produkter, vår 2023

Ungfritid.no

Ungfritid.no var eit gruppeprosjekt mellom interaksjonsdesign og grafisk design der vi skulle evaluere og forbetre nettsida deira. Ungfritid fungerer som eit samlingspunkt for aktivitetar for barn og ungdomar i heile Noreg, der frivillige organisasjonar set opp aktivitetar via nettsida. Målet vårt var å gjere brukaropplevinga betre slik at det var enklare for barn og unge å melde seg på, i tillegg til å gi nettstaden eit meir ungt og leikent uttrykk. Vi gjennomførte ulike analysar, laga sitemaps, userflows og personas ut frå innsikta vi henta. Hovudpunkter i innsikta var enklare navigering og filtrering, tydelegare og meir oversiktleg informasjon, og tydelegare skilje mellom aktivitetane.

Studenter involvert: