Martine Garvik Fremstad
Hei! Eg heiter Martine, er 25 år gammal og kjem frå Herøy på Sunnmøre. Eg har tidlegare studert både kunst og pedagogikk i korte periodar, før eg enda opp med å ta ein bachelor i interaksjonsdesign. Interaksjonsdesign for meg er den perfekte kombinasjonen av kreativitet og menneskeleg samhandling, og det blei den naturlege retninga for meg.
Tilgjengelegheit og brukarvennlegheit er områder eg har brydd meg om lenge før eg visste mykje om det, og i løpet av studiet har dette blitt viktigare og viktigare for meg. Det eg likar mest av alt med å utvikle digitale og fysiske løysningar er å basere seg på innsikt og brukarar, og å vite at det man lagar faktisk har verdi. I tillegg elskar eg Figma!
Ungfritid.no
Ungfritid.no var eit gruppeprosjekt mellom interaksjonsdesign og grafisk design der vi skulle evaluere og forbetre nettsida deira. Ungfritid fungerer som eit samlingspunkt for aktivitetar for barn og ungdomar i heile Noreg, der frivillige organisasjonar set opp aktivitetar via nettsida. Målet vårt var å gjere brukaropplevinga betre slik at det var enklare for barn og unge å melde seg på, i tillegg til å gi nettstaden eit meir ungt og leikent uttrykk. Vi gjennomførte ulike analysar, laga sitemaps, userflows og personas ut frå innsikta vi henta. Hovudpunkter i innsikta var enklare navigering og filtrering, tydelegare og meir oversiktleg informasjon, og tydelegare skilje mellom aktivitetane.
Studenter involvert:
GodEtter: Appen som hjelper deg å bekjempe matsvinn!
GodEtter var eit gruppeprosjekt mellom webutvikling og interaksjonsdesign, og baserar seg på idéen om “smart fridge”. GodEtter er ein kombinasjon av fysiske og digitale komponentar som sammen skal gjer det enklare for folk å ha oversikt over mat dei har i kjøleskapet, uansett kor dei er. Den fungerar slik: scan matvarer med ein barcode scanner og få oversikt over inventar i appen. I appen får du varsel når mat nærmar seg best-før dato, får oppskrifter basert på matvarer du har i kjøleskapet, m.m. Målet er å redusere matsvinn og pengar brukt på mat. Det fysiske aspektet av prosjektet er en barcode scanner, Raspberry Pi og en høyttaler. Appen består av ein web-app og ein Figma hi-fi prototype.
Støynivå indikator
Støynivå indikatoren var eit reint interaksjonsdesign gruppeprosjekt der målet var å hjelpe til å redusere støy i klasserommet “Verkstedet”. Vi analyserte ulike faktorar og støykilder, og gjennom innsikt fann vi ut at dører og mennesker var blant hovedfaktorane. Løysinga vår blei då retta mot menneskeleg atferd og vi jobba i iterasjonar med ei fysisk prototype. Det var eit skilt som indikerar ønska støynivå i rommet, som kan sjåast frå både inne og utanfor klasserommet. Slik kunne folk vite om det var greit å kome inn og arbeide i klasserommet under undervisning, samt akseptabelt støynivå for dei i undervisninga. Dette gjaldt både under vanleg forelesning, men også gruppearbeid og workshops.
Studenter involvert: