Picture of Ruth Elise Henden

Ruth Elise Henden

Hei, du! Eg heiter Ruth, eg er 27 år gamal og kjem frå Molde. Eg har bakgrunn som journalist, og etter eit par år i arbeidslivet kjente eg at eg ønska meg nye utfordringar. Eg var allereie glad i å bearbeide informasjon semantisk, men då eg fann grafisk design-studiet såg eg mitt snitt til å verte endå betre på å framstille informasjon visuelt. Min bakgrunn som journalist gir meg ein unik tilnærming til grafisk design. For meg handlar det ikkje berre om å lage vakre bilete; det handlar om å fortelje historier gjennom visuelle element. Eg trur på krafta til god typografi og korleis den kan forme bodskapen og engasjere publikum på ein djupare måte.

Visualisering av redesignet av Statens pensjonskasses årsrapport for 2022.
Emneoverbyggende prosjekt, vår 2024

Årsrapport for Statens pensjonskasse

Dette prosjektet vart skapt som mitt «drømmeprosjekt», altså eit opent prosjekt der eg fekk vele rammene. Eg er veldig glad i typografi og informasjonsgrafikk, så eg bestemte meg for å redesigne ein årsrapport for å kunne vise fram mine evnar innanfor begge retningane. Eg redesigna Statens pensjonskasse sin årsrapport for 2022, fordi eg meinte den kunne verte forbetra slik at den samsvarar med deira eksisterande visuelle identitet. Målet var å lage ein årsrapport baserte på den eksisterande grafiske profilen dei brukar på nett. Eg jobba hardt med bruk av luft, typografisk hierarki og bruk av fargar. Resultatet vart ein visuelt tiltalande, luftig, tydeleg og brukarvennleg årsrapport.

Mockup av innmaten til boka «Åpen eller innadvendt».
Typografi 1, haust 2021

Redesign av fagboka «Åpen eller innadvendt»

I dette prosjektet fekk me utdelt materiale frå boka «Åpen eller innadvendt: Omdømmebygging for organisasjoner». Her skulle me redesigne både innmaten og omslaget. Vår løysing er ein luftig og moderne fagbok med eit omslag som gjev assosiasjonar til bedriftskultur og byråkrati, som er dynamisk og levande, og som viser kontrastane mellom å vere open eller lukka. Innsida har eit tydeleg typografisk hierarki, basert på kontrasterande skriftar og ein harmonisk, blå fargepalett basert på omslagsdesignet.

Studenter involvert:

Mockup av veifinningsskilt ved heis.
Veifinningssystemer, haust 2023

Veifinning for Mustad Næringspark

I dette prosjektet skulle vi lage eit nytt veifinningssystem for et gitt område. Vår gruppe valde Mustad Næringspark. Me ønska å forbetre Mustad Næringspark si veifinning, der ein raud tråd i veifinningssystemet skulle vere Mustad-fabrikkanes historie. Den skulle vere uavhengig av andre eksisterande system i området. Vårt system omfattar alle bygg innanfor Mustad Næringspark, slik at området blir sett på som ein eining, og ikkje fleire separate einingar.