Picture of Joakim Kjøpstad

Joakim Kjøpstad

Hallo! Eg heite Joakim Kjøpstad og er 26 år. Eg kjem frå ei lita kommune i Romsdal som heite Vestnes. Kvifor eg valde å studere interaksjonsdesign ved NTNU er grunna interesse for kritisk tenking og å skape kreative løysningar. Før eg byrja studiet mitt budde eg i Sør-Korea, der eg lærde koreansk. Seinare gjekk eg årsstudium i engelsk og årsstudium i samfunnsfag. Eg har interesse for språk og kultur, og korleis desse bidreg til design.

Gjennom mi framtid som interaksjonsdesignar ynskjer eg å skape meiningsfulle løysningar som bryt barrierar. Mi bacheloroppgåve gjenspeilar desse på ein god måte. Bacheloroppgåva er gjort i samarbeid med StudyWell for å betre psykisk helse og trivsel ved NTNU.


Figma prototype av vårt redesign av Ungfritid.no
Design og prototyping for digitale produkter, vår 2023

Fritidsaktiviteter for barn og unge

Prosjektet var i samarbeid med Ungfritid.no som ynskje å designe eit betre nettside. Nettsida deira handlar om å samle aktivitetstilbod frå forskjellege organisasjonar for å gje barn og unge moglegheita for å ta i bruk tilboda dei ynskje. Vårt oppdrag her var å redesigne nettsida ved bruk av vår designkunnskap.

Raud linje gjennom designet var vårt hovudfokus. Gjennom det grafiske fekk nettsida vår ein ny logo, fargar, og skrifttype. Gjennom interaksjonsdesign var dei viktigaste elementa å ha med korta som skilje mellom tilboda. Dessa korta har bilete, kategoriar og informasjon om kva, kor, kven og kva tid. Filter funksjon var au viktig sidan den måtte vær spesifikk men ikkje vanskeleg.


Studenter involvert: