Picture of Joakim Kjøpstad

Joakim Kjøpstad

Hallo! Eg heite Joakim Kjøpstad og er 26 år. Eg kjem frå ei lita kommune i Romsdal som heite Vestnes. Kvifor eg valde å studere interaksjonsdesign ved NTNU er grunna interesse for kritisk tenking og å skape kreative løysningar. Før eg byrja studiet mitt budde eg i Sør-Korea, der eg lærde koreansk. Seinare gjekk eg årsstudium i engelsk og årsstudium i samfunnsfag. Eg har interesse for språk og kultur, og korleis desse bidreg til design.

Gjennom mi framtid som interaksjonsdesignar ynskjer eg å skape meiningsfulle løysningar som bryt barrierar. Mi bacheloroppgåve gjenspeilar desse på ein god måte. Bacheloroppgåva er gjort i samarbeid med StudyWell for å betre psykisk helse og trivsel ved NTNU.


Figma prototype av vårt redesign av Ungfritid.no
Design og prototyping for digitale produkter, vår 2023

Fritidsaktiviteter for barn og unge

Prosjektet var i samarbeid med Ungfritid.no som ynskje å designe eit betre nettside. Nettsida deira handlar om å samle aktivitetstilbod frå forskjellege organisasjonar for å gje barn og unge moglegheita for å ta i bruk tilboda dei ynskje. Vårt oppdrag her var å redesigne nettsida ved bruk av vår designkunnskap.

Raud linje gjennom designet var vårt hovudfokus. Gjennom det grafiske fekk nettsida vår ein ny logo, fargar, og skrifttype. Gjennom interaksjonsdesign var dei viktigaste elementa å ha med korta som skilje mellom tilboda. Dessa korta har bilete, kategoriar og informasjon om kva, kor, kven og kva tid. Filter funksjon var au viktig sidan den måtte vær spesifikk men ikkje vanskeleg.


Studenter involvert:

Diverse funksjoner designet innen prosjektet
IDG3541 Designpraksis i bedrift, høst 2023

Sparebank 1 - Vurdering av gavemidler

Ikkje alle prosjekt kan være like estetiske, nokon er meir tekniske. I detta prosjektet var eg i praksis ved Arribatec der eg jobba med Sparebank 1 Nord-Norge som kunde. Dei ynskje seg ein moglegheit for å vurdere sakar gjennom vurderingskriteria. For å få til detta var det viktig å følje kundens ynskje, og det eksisterande designet som allereie var på systemet deira. Eksempel på nokon av desse funksjonane som ende opp å være med i den ferdige prototypen er; (1) Moglegheit til å legge inn kriteria, (2) Moglegheit å vurdere sakar gjennom dei kriteria, (3) Visning over kven som har vurdert, kva dei vurderte, kven som har lest og kven som er habil i saka.

Plakat som viser ideen og prosessen for å komme dit
IDG2000 Områdeemne: Design i helsetjenester, høst 2022

Økt synlighet - Ung i Gjøvik

Ung i Gjøvik ynskjer å styrke den sosiale sfæren for dei unge i Gjøvik. Dei tilbyr moglegheit for at studentar skal kunne ha ein plass å sosialisere seg etter skuletid. Dei oppsøkte Institutt for design, for å sjå om me kunne hjelpe dei å finne ut kva dei unge ynskjer frå dei som arrangør. Gjennom vår innsikt fann me ut at dei unge eigentleg ikkje har so stor kjennskap til dei tilboda som finnes. Derfor innebar vårt prosjekt å auke kjennskap til tilbodet gjennom diverse marketsføringar. Vår løysing omhandlar: (1) Plakatar som promoterer tilbodet, (2) Skilt som visar veg frå skulane til fritidsplassen, (3) Meir aktiv promotering i skuletid som gjennom utflukt til staden.