Leon Bjorøy
Eg heiter Leon Bjorøy, er 23 år og kjem frå Førde. Eg har alltid tatt stor glede i å uttrykke meg sjølv kreativt visuelt, og etter å ha blitt forelska med Medie og kommunikasjon på VGS og fotografi på FHS, kom grafisk design på NTNU som eit naturleg neste steg. NTNU har gitt meg ein djup forståing for grunnprinsippa innan grafisk design. Dette har gjort meg rusta til å lære og tilpasse meg nye flater, plattformar og utfordringar i ein felt som alltid er i utvikling og endring.
Gjennom mine tre år her har eg utvikla ein spesiell interesse for redaksjonelt design, bokomslag og utvikling av visuell identitet gjennom eit bredt spenn av prosjekt.
Prosjekter

Emballasjedesign
Rørosmeieriet
Produktserien tek inspirasjon frå naiv stil, folkekunst, Scandinavian design og leiken minimalisme. Eg har følgt norske fargekonvensjonar for produkta for å unngå forvirring og irritasjon i salskontekt, men leika med bruk av bilete og stil. Produkta har fått ein sterkare hyllekraft ved hjelp av den avgrensa fargepaletten, prioriteringa av luft på flatene, og dei sjarmerande, illustrerte landskapa som ved første augekast minner om skvulpande mjølk.

Bokdesign
Doppler av Erlend Loe
Eg valte å designe eit nytt konsept for Erlend Loe sin trilogi om Andreas Doppler. Bøkene tek for seg ein familiemann som brått får ein openbaring og bestemmer seg for å forlate samfunnet og flytte ut i skogen. Bøkene er humoristisk skrevet, og prega av samfunnskritikk, absurde situasjonar, og eksistensielle spørsmål. Omslaga har eg illustrert sjølv med motiv inspirert av handlinga og hovudkarakteren si indre reise gjennom serien. Fargepaletten på omslaga er veldig avgrensa og utan nyansar, i stil med dei dei sterke meiningane til hovudkarakteren.

Brukargrensesnitt
Ungfritid.no
Gjennom brukartesting av dagens nettside kom vi frem til at hovudproblema vi ønska å løyse var å synleggjere søkefunksjonen på startsida, lage eit meir intuitivt navigasjonssystem og hierarki, gje nettsida ein eiga visuell identitet, og å få nettsida til å følgje WCAG-retningslinjer for offentlege instansar. Gjennom utviklinga av designsystemet på nettsida har vi tatt spesiell høgd for funksjonsnedsetjingar og prioritert å lage eit produkt for alle som kunne hatt nytte av nettside. Designsystem inkluderer retningslinjer for bl.a. skriftfamiliar og -størrelsar, fargebruk, luft og andre prinsipp for å halde nettsida konsekvent og enklare å navigere og forstå for alle.

Visuell identitet
Songkonkurranse
Konkurransen trong ein identitet som både reflekterte den klassiske og tradisjonsrike bakgrunnen til opera, samtidig som den var moderne og appellerte til eit yngre publikum. Ein klassisk, typografisk logo, kombinert med elegante illustrasjonar gir konkurransen eit harmonisk og balansert design som prega av energi, dynamikk og eit hint av magi.

Visuell identitet
Naturhistorisk utstilling
For draumeprosjektet, valte eg å lage ein visuell identitet for ein fiktiv utstilling ved Naturhistorisk Museum i Oslo. Utstillinga er sentrert rundt insekt, og fokuserer på det massive mangfaldet du finn i denne dyregruppa. Den visuelle identiteten leiker med kontrasten mellom det rigide og solide, og det organiske og sårbare, og korleis dei må eksistere i harmoni på flatene.