Judith Dyngeland
Hei hei! Mitt namn er Judith og eg er 23 år frå ein liten dal i Nordhordland. Eg har alltid trivast med kreativt arbeid og då blei vegen vidare til grafisk design på NTNU Gjøvik ein sjølvfølgje. Noko av det eg har kost meg mest med på studiet har vore å få lage ting som gjeve glede til dei som skal bruke det, og som kan vere til nytte for dei. Eg har interessert meg ekstra for redaksjonell design og kalligrafi, og eg gler meg mykje til å drive vidare med design i framtida.
Prosjekter

Emneoverbyggjande prosjekt // Drøymeprosjekt
10:12 Ønskereprise
10:12 Ønskereprise inneheldt bøker som har vore ynskja tilbake i hyllane. Gyldendal forlag ynskjer å modernisere serien sin 10:12 Ønskereprise, slik at den blir meir aktuell for barn i dag. Dei noverande omslaga er over ti år gamle og for barn er omslaga utdatert. Seriepreget er ikkje tilstades på framsida. På baksida og ryggen er seriepreget tydleg men det er ikkje relevant ut for innhaldet i bøkene. Gyldendal ynskjer tre ferdige omslag som visar eit tydleg seriepreg gjennomført på heile omslaget. Omslaga skal vere retta mot aldersgruppa 9-12 år.

Design og prototyping for digitale produkt
Ungfritid.no
Ungfritid.no ynskja å utnytte sitt fulle potensiale i forhald til brukarvenlegheit. Dei ynskja i tillegg å skape ein eigen identitet ettersom identiteten dei har i bruk er henta frå frivillig.no. Løysinga skal vere basert på innsikt frå ein UX-evaluering. Ut i frå UX-evalueringa skal det lagast ein MOSCOW prioriteringsliste.

Redaksjonell design 1
Journal of technical writing & communication
I oppgåva skal ein utvikle omslag og innmat til eit eksisterande tidsskrift. Formspråket skal skildre eit veletablert og anerkjent akademisk tidsskrift som er i tråd med internasjonale sjangerkonvensjonar. Tidsskriftet skal ha ein tidsriktig og tiltalande grafisk identitet som er gjennomgåande frå nummer til nummer og årgang til årgang. Den skal ha ein høg grad av funksjonalitet og brukarvenlegheit. Det skal utviklast seks omslag, tre nummer over to årgangar.