Ingrid Malene Steinsland
Hei! Eg er Ingrid Malene Steinsland og kjem frå den vesle kommunen Modalen på vestlandet. Eg har alltid vore interessert i kreativt arbeid, og har hatt stor glede av å studere grafisk design. Etter tre år på Gjøvik har eg lært utruleg mykje om blant anna typografi, trykking, fargestyring og ulike designverktøy. Kvart semester og emne har bydd på nye utfordringar, men og ny kunnskap og nye ferdigheiter. Verdien av bra design har blitt tydelegare og tydelegare.
Prosjekter

Emneoverbyggande prosjekt // drøymeprosjekt
Røynd Bryggeri
Røynd Bryggeri er eit nyoppstarta fiktivt mikrobryggeri med behov for design til sin første øllansering i butikk. Deira første lansering er ein ølserie med tre forskjellige øltypar med eit konsept basert på norsk folketru. Den gode opplevinga med Røynd Bryggeri skal byrje allereie når ein tek eit val i butikken, då ein blir invitert inn av både fargar og illustrasjon som vidare dreg deg inn i norsk folketru. Emballasjedesignet er skapt med eit formål om å modernisere norsk folketru på ein humoristisk måte.

Strategisk design
Dronning Sonja Vokalkonkurranse
Dronning Sonja Vokalkonkurranse er ein prestisjetung songkonkurranse med eit behov for ny visuell identitet som egna like godt på digitale som trykte flatar, samt reposisjonere seg for å nå ut til eit nytt og yngre publikum. Den nye identiteten vektlegg eit heilskapleg og dynamisk uttrykk med reine flatar. Konseptet tar utgangspunkt i opera og spennet som finns i skalaene, og dermed og spennet i vokalistane som deltek.

Design og prototyping for digitale produkter
Ungfritid.no
Ungfritid.no er ei nettside som fungerer som eit samlingspunkt for fritidsaktivitetar i heile Norge. Nettsida er utvikla for desktop og mobil med vekt på å skape eit kreativitet og leikent uttrykk, men heile tida med funksjonalitet i fokus. På ungfritid.no er det mogeleg å filtrere og søke etter aktivitetar basert på interesser, stad og alder for å finne det som passer. Dei ulike aktivitetane er merka med figurar som representerer ulike aktivitetskategoriar.