Hopp til hovedinnhold
Ida Norevik

Ida Norevik


Heisann! Mitt namn e Ida Norevik og eg e 22 år. Eg e oppvaksen blant fjord og fjell i ei lita bygd i vakre Sogn. Sida eg var liten har eg alltid likt å vere kreativ, men har vore mykje usikker på ka eg vil drive med som vaksen. Det var litt tilfeldig at eg hamna her på grafisk design ved NTNU Gjøvik, men trives godt! Gjennom tre år har eg blitt lettare dialektforvirra, lært meg å sette pris på god typografi, og blitt glad i å jobbe med redaksjonell design og visuell identitet. No er eg veldig klar for å bli ferdig utdanna, og komme meg ut i verda!

Prosjekter

Visuell identitet for fiktiv neglesalong

Drømmeprosjektet

Visuell identitet for fiktiv neglesalong

I emnet IDG3014 Emneoverbyggende prosjekt fekk vi oppgåva «drømmeprosjektet», der vi stod fritt til å velje oppgåve sjølv. Mitt prosjekt gjekk ut på å skape ein visuell identitet for den fiktive neglesalongen bold. Identiteten skal skilje seg ut frå allereie eksisterande salongar, vere nytenkande, tidlaus og frampå. Målgruppa basera seg på personar, uavhengig av kjønn eller alder, som ynskjer freshe negler. I den ferdige identiteten har eg brukt sterke fargar, stor tekst og store bilete som ein del av løysinga for å skape blikkfang og interesse. Gira på negler med stilig design i forskjellige fargar? Stikk innom bold.

Redesign av vitskapleg tidsskrift

Redaksjonell design 1

Redesign av vitskapleg tidsskrift

I IDG2014 Redaksjonell design 1 skulle vi redesigne innmat og omslag for eit vitskapleg tidsskrift. Innmaten skulle lagast i gruppe, og tidsskriftet vi valte å redesigne var Journal of Technical Writing and Communication. Det originale tidsskriftet var utdatert og uryddig, og vi prøvde å gi det eit meir moderne preg. I den nye innmaten jobba vi med eit kompakt format med fokus på lesbarheit og tydelegheit, samt eit luftig oppslag. Omslaga har fått eit meir moderne preg, med en asymmentrisk komposisjon der kvar utgåve har særeigne bilete og fargar. Tidsskriftet har fått eit heilskapleg og ryddig design, som skal bevare den originale målgruppa, samt nå ut til ei ny og yngre målgruppe.

Redesign av Rørosmeieriet

Emballasjedesign

Redesign av Rørosmeieriet

Rørosmeieriet ynskjer å bli meir attraktive for ei yngre målgruppe, og vi fekk derfor i oppgåve å redesigne minimum fire valfrie produkt som ei samanhengande produktserie. Hovudideen var å skape noko som var både moderne og tradisjonelt, for å bevare den gamle og nye målgruppa. Alle produkta har fått sin eigen farge og illustrasjon. Illustrasjonane er tekne frå landskap på Røros, og fargane er tilpassa produkta. Det nye designet er tradisjonelt, moderne og leikent, med tydleg tilknyting til Røros. Produkta skapar blikkfang i butikkhylla, da emballasjen skil seg ut frå konkurrentane med store illustrasjonar og sterke fargar.

Redesign av bokserie

Redaksjonell design 2

Redesign av bokserie

Redesign av valfri bokserie på minimum tre bind i emnet IDG3013 Redaksjonell design 2. Eg valte å redesigne bokserien Et helt halvt år av Jojo Moyes. Bokserien tek for seg kjærleik, forelsking, sorg og død – som gjorde at valet mitt fall på typografiske og minimalistiske omslag med enkle og tidlause illustrasjonar. Serien har fått eit heilskapleg uttrykk med tydleg samanheng mellom dei ulike binda.